dritsirk.livejournal.com
Kva skjer? - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/47798.html
Jul 5th, 2010 at 10:55 PM. Ingen veit. Alt er ope. Men eg ynskjer meg eit polaroidkamera og ei lita leiligheit på loftet til ei gamal dame i eit lite smug med kvite trehus. Ta deg ein søndagstur. Sekund - ei slags fotohistorie. Pia, Ingrid og Ida i Køben. Powered by LiveJournal.com.
dritsirk.livejournal.com
Svusj. - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/48242.html
Aug 19th, 2010 at 12:33 AM. Svusj, sa det. Så var sommaren over. Enn kor lenge han varte, så sa det svusj. Svisj, svusj. Sørlandsturen. Svusj. Strandlivet. Fjellivet. Svusj. Kveldane på paviljongen. Svisj. Men alt ligg i lufta enno. Lukta av sommaren, kjensla av sommaren. Til og med sommarveiret heng att. Enn så lenge. Om nokre dagar er det vekk, og me må vente eit års tid til neste gong. Svisj. Ta deg ein søndagstur. Sekund - ei slags fotohistorie. Pia, Ingrid og Ida i Køben.
dritsirk.livejournal.com
Etter ein junidag: - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/47413.html
Jun 9th, 2010 at 12:43 AM. Dei ser ut akkurat slik som dei gjorde den gong byrjinga av badesesongen vart avgjort av gauken og snøsmeltinga i Konbergsfjellet, og lukta av våt asfalt for alvor gjorde inntrykk. Og som den gong dei ikkje sende barne-TV når det var fineveir, og ein kunne sitje i solvarmen på trappa heilt til det var leggetid. Fjellet og markane er dei same. Alt anna er anleis. Men i junifjellet og junimarkane ligg alt det gamle og lokkar fram alt det fine frå barndomens sommar.
dritsirk.livejournal.com
Vår - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/46523.html
May 7th, 2010 at 1:46 PM. Sol Bris. Sykkel. Solbrille. Jakke. Tøysko. Grill. Opne vindauge. Blide menneske. Eksamen. Kaffi. Is. Eg likar i grunnen våren. May 8th, 2010 12:05 pm (UTC). Eg likar også våren. Den er nesten like nydelig i Berlin som i Bergen. Men berre nesten. Også likar eg at du bloggar igjen, vart litt bekymra over den lange tørkeperioden:). May 11th, 2010 11:20 am (UTC). Ta deg ein søndagstur. Sekund - ei slags fotohistorie. Pia, Ingrid og Ida i Køben. Powered by LiveJournal.com.
dritsirk.livejournal.com
Det sit ein mann - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/47931.html
Det sit ein mann. Jul 26th, 2010 at 7:04 PM. Det sit ein mann ein stad. Han ventar på meg. Kor lite ein finn. Ved berre å vente? Jul 27th, 2010 02:09 am (UTC). Du har ikkje tenkt over at han berre sitjer fast der han er? Han kjem seg nok ut til slutt, så får det berre koste litt. Kven han nå enn er. Jul 30th, 2010 10:30 pm (UTC). Her er det åpenbart rom for en felles middag. Ingen grunn til å vente ;-). Aug 6th, 2010 12:16 pm (UTC). Middag, ja takk:)Kven kontaktar eg? Ta deg ein søndagstur.
dritsirk.livejournal.com
2010 - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/calendar
Ta deg ein søndagstur. Sekund - ei slags fotohistorie. Pia, Ingrid og Ida i Køben. Powered by LiveJournal.com.
dritsirk.livejournal.com
Kveld - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/46694.html
May 14th, 2010 at 11:23 PM. Klokka tikkar seg fram mot midnatt, og du sit sjølvsagt på kjøkenet og styrer med ingen ting anna enn å lytte til klokketikkinga. Det er underleg kor ein slik liten lyd kan dominere ei heil sinnsteming,. Tenkjer du medan du held beina i kross berre for å sleppe å gå på do heilt enno. Ikkje at det å gå på do hadde vore så forferdeleg mykje om å gjere,. Men det er vel berre slik du er. Går ikkje på do før det er absolutt naudsynt. Så skriv du noko på notisblokka di.
dritsirk.livejournal.com
October 17th, 2010 - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/2010/10/17
October 17th, 2010. Oct 17th, 2010 at 11:06 PM. Ditt fly er kansellert. Kva gjer eg no? Det er ikkje kvar dag eg vaknar kl 0600 og les ein sms som seier at det i grunnen var heilt vekkasta å stå opp så tidleg. Det er heller ikkje ofte at flyet eg skal ta, vert kansellert. Det har faktisk aldri skjedd før. Så kva gjer ein? Ein bror med spanderbukser og ei svigerinne rundar av helga på Rabarbra og Burger King. Kvifor gå for berre ein type etestad? Du er sjekket inn på. I Bergen møter regnet meg og o...
dritsirk.livejournal.com
Om Facebook - Ei slags historie
http://dritsirk.livejournal.com/46156.html
Mar 13th, 2010 at 2:48 PM. Så, under frukosten, fekk eg støtte for mistankane mine. Saman med mine to skiver med kvitost og mår inntok eg også diverse aktualitetar frå Morgenbladet frå førre veke, og der kom eg over Hvorfor jeg ikke er på Facebook. Eit lesarinnlegg som definitivt fortener litt merksemd. Eg er nemleg fortsatt ein Faceook-kritikar, sjølv om eg brukar stadig meir tid på det. Eller kanskje er det nettopp difor. Mar 15th, 2010 09:45 am (UTC). Mar 16th, 2010 09:57 am (UTC). Re: Ensomhet og face.