petrines.com
Nyhende | Petrines Gjestgiveri | Ein sprek hundreåring!
http://www.petrines.com/nyhende
Vi er glade i gjestane våre! Og vi vert hoppande glade når dei legg at slike tilbakemeldingar i gjestboka når dei fèr! Stor takk for besøket til Serge og Dominique, og velkomen tilbake. Programmet for 25.-31. juli er klart! Denne veka kan du nyte ein kopp kaffi eller te i Klosteret, slappe av med ein lokal øl i gardspuben, få innsikt i det lokale livet og kulturen, kose deg med geiter, vere med på slått og meire til. Ring oss for meir informasjon på 922 34 820. Programmet ser du best ved å klikke her:.
petrines.com
Matkultur | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/matkultur
På menyen har vi rettar med så lokale råvarer som mogleg, i tillegg til fleire tradisjonsrike rettar frå området. Vi serverar hjort og kjekjøt, Herdalskre (fjellaure frå Herdalsvatnet), sosakjøt av storfe, eigen kjerull, heimelaga karamellpudding, Petrines klassiske eplekake og bringebærmoussekake. Til maten kan du få heimelaga eplesaft eller bringebærsaft, men vi har også alle rettar i baren. Vi har fabelaktige bønder i bygda som leverer bringebær, plommer, økologiske jordbær (! The Happy End Norddal.
petrines.com
Prisar | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/prisar
Pris per person per døgn i dobbeltrom/enkeltrom inkludert frukost. Alle rom har eige bad. Sjå arket Overnatting. 8 rom om lag 14 m2 700,-/1015,-. 2 rom om lag 20 m2 800,-/1165,-. Ekstraseng vaksne 400,-. Ekstraseng born 5-16 år 285,-. Born under 5 år. Gratis utan ekstraseng/150,- i barneseng. 5 leilegheiter om lag 42 m2, inntil 4 vaksne/5 personar. Døgn 1: 1590,-. Dag 2-7: 770,-. Du kan tinge frukost og sengetøy/handkle i tillegg:. Frukost per person 125,-. Sengetøy og handkle per sett 110,-.
petrines.com
Overnatting | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/overnatting
Ingen rom er like! Kva blir din favoritt? 240 meter frå hovudhuset ligg leilegheitene våre, rett ved elva og eit steinkast frå fjorden. Her har vi fem familieleilegheiter som alle er om lag 42 m2 store, samt eitt enkeltrom. Total kapasitet er 21 vaksne. Her får du soverom med dobbeltseng, stove med dobbel sovesofa, stort bad, kjøkkenkrok og eigen terrasse. Alle kjøkkena har to kokeplater, medan to leilegheiter har steikeomn i tillegg. Full service eller sjølvcatering. Frå aldersheim til gjestgiveri i 1999.
petrines.com
Kurs og møte | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/kurs-og-mote
Vel møtt i Norddal! Lengst inne i Storfjorden byr vi på gode møtefasilitetar i støyfri sone. Hjå oss får de vere åleine med dei viktige tankane og samtalane. De får vind i håret og ei naturoppleving på kjøpet når de ruslar langs Norddalselva dei 250 metrane frå frukostsalen til møterommet. Høg fart eller låg puls? Eller ring oss for å høyre kva som kan passe for di gruppe. Kreative arbeidsmetodar eller ordstyring. Nokre gonger treng de kanskje berre ein som styrer ordet, slik at alle kan delta på lik lin...
petrines.com
Opplevingar | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/opplevingar
Vi har ei rekke aktivitetar og opplevingar å by deg på! Nokre opplevingar er lagt til rette og har ein kostnad. Dei fleste av desse må du være ei gruppe på minst 10 personar for å tinge. Mange opplevingar får du heilt gratis berre du går over dørstokkmila og inn i naturen! Heller enn å måtte velje berre ei oppleving eller ein aktivitet, kan du bli lenge i bygda og få med deg ein heil del! Vi har ingen faste guidar, men spør du oss i god tid, hjelper vi deg å finne ein fjellvand, trivelig og kompetent kje...
petrines.com
Om Petrines | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/om-petrines
Petrines Gjestgiveri finn du dersom du tek ein liten avstikkar frå vegen mellom Trollstigen og Geiranger. Dette er staden for deg som ønskjer å oppleve den mektige sunnmørsnaturen med litt lågare puls. Tett på dei store attraksjonane langs Geiranger- og Norddalsfjorden, likevel som ein oase av fred og ro. Etter ein aktiv dag i flott natur høver å runde av med ein varm dusj, eit velsmakande måltid og ei god seng hos oss. Korfor gjer vi på her viset? Vi er medlem av. The Happy End – Norddal. Petrine hadde ...
petrines.com
Kart og veg | Petrines Gjestgiveri
http://www.petrines.com/kart-og-veg
Du finn Petrines Gjestgiveri på sørsida av Norddalsfjorden, i bygda Norddal i enden av 91. Frå Ålesund tar det om lag 1,5 time å reise innover langs Storfjorden. Ta inn på 650 frå E39 ved Sjøholt til fergekaia på Linge. Fergeturen tar 12 minutt til Eidsdal. Frå fergekaia tar du til venstre på 91 og køyrer tre kilometer innover langs fjorden. Vegen til ein del av målet! Ta deg god tid til å stoppe ofte, ta fram termosen og nyte frisk luft, fantastisk utsikt og at du snart er framme. 6214 Norddal - Mobil.