sylja.blogspot.com
På leit...: Stjerneskattar
http://sylja.blogspot.com/2008/09/stjerneskattar.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Laurdag 13. september 2008. Eg drøymer meg vekk og kikar på månen. Som gløder der oppe i haustklåre natt. Og tenkjer at kvar ei stjerne som blenkjer. Står for ein mottatt eller uopna skatt. Mange kan eg hugse i farta. Andre har eg allereie gløymt. Men dei som blenkjar størst og klårast. Har eg i mitt hjarte gøymt. Og dei som enno ikkje er opna. Kan eg ønske og drømme om. Dei vil kome som kjærkomne glimt.
sylja.blogspot.com
På leit...: Ord...
http://sylja.blogspot.com/2008/09/ord.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Søndag 28. september 2008. Vi har visst brukt ord. Alt for lenge no. Vi har brukt alle dei fine orda. Alle dei mjuke orda. Og alle dei vare orda og. No er det visst berre dei harde orda. Dei vonde og sinte orda att. Men dei er framleis betre. Enn dei praktiske orda. Og alle dei tome orda. Som ofte kjem heilt til sist. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Vis hele profilen min. For 7 år siden.
sylja.blogspot.com
På leit...: Voggevise for Amandus
http://sylja.blogspot.com/2009/02/voggevise-for-amandus.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Torsdag 5. februar 2009. Vesle Amandus, Tante sin skatt. No er dagen over, snart så er det natt. Sola ho legg seg i all sin fargeprakt. Og den vesle mann i månen han sit og helde vakt. Kvar og ein ei stjerne på himmelen har fått. Di stjerne passar på deg slik at du kan sove godt. Når natta er omme og sola atter gryr. Du vaknar frisk og opplagt, klar for nye eventyr! Legg inn en kommentar. Vis hele profilen min.
sylja.blogspot.com
På leit...: Om det å bry seg, og om å bry seg...
http://sylja.blogspot.com/2009/02/om-det-bry-seg-og-om-bry-seg.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Torsdag 5. februar 2009. Om det å bry seg, og om å bry seg. Maiken hadde nok vore viss i si sak i eit par veker, minst, men det var likevel audmjukande å få det positive svaret nærast ropt ut i venterommet. Og legen hadde sagt at ho måtte søkje allereie etter helga om ho ikkje ville bere det fram. Visst ville ho, men kunne ho? Eller ville ho ikkje innerst inne? Gjorde det henne til eit ondt menneske? Ho hadde ingen t...
sylja.blogspot.com
På leit...: ...og slik står vi...
http://sylja.blogspot.com/2008/09/musikken-har-stilna-kvelden-var-fin-men.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Onsdag 24. september 2008. Og slik står vi. Men no har alle dei andre. Gått kvar til sitt. Aleine eller to og to. Vi to er aleine att. Står midt på golvet. Den andre sine auge. Du kjem mot meg. Eg held deg fast, fast. I den mjuke halsgropa di. Dreg inn lukta av deg. Du løsnar litt på grepet. Legg panna di mot mi. Ser i mine auge att. Kilar meg ved tinningen. Ei tåre trillar nedover kinnet mitt. Ikkje gråt, seier du.
sylja.blogspot.com
På leit...: februar 2009
http://sylja.blogspot.com/2009_02_01_archive.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Torsdag 5. februar 2009. Om det å bry seg, og om å bry seg. Maiken hadde nok vore viss i si sak i eit par veker, minst, men det var likevel audmjukande å få det positive svaret nærast ropt ut i venterommet. Og legen hadde sagt at ho måtte søkje allereie etter helga om ho ikkje ville bere det fram. Visst ville ho, men kunne ho? Eller ville ho ikkje innerst inne? Gjorde det henne til eit ondt menneske? Ho hadde ingen t...
sylja.blogspot.com
På leit...: Kvardagsenglar
http://sylja.blogspot.com/2009/02/kvardagsenglar.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Onsdag 4. februar 2009. Men eg er litt redd for at vi vil henge oss så mykje opp i denne formen for englar at vi ikkje gjenkjenner kvardagsenglane våre. Legg inn en kommentar. Abonner på: Legg inn kommentarer (Atom). Kvinne, 39 år. Mor til 3, Mormor til ein. Har fleire hobbyar enn det eg kan kome på i farta, og nokre av desse kjem nok til å verte omtala her etter kvart. Vis hele profilen min. For 7 år siden.
sylja.blogspot.com
På leit...: Sjelefrende, ferdamann...
http://sylja.blogspot.com/2008/09/sjelefrende-ferdamann.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Onsdag 17. september 2008. Sjelefrende, ferdamann,. Sei meg kven eg er. Du er den i verda her. Som ser meg som eg er. Sjelefrende, ferdamann,. I alle desse år. Har du trufast flytta med meg. Kvar gong vinter gjekk mot vår. Sjelefrende, ferdamann,. Du veit alltid kvar eg er. Sjølv når eg ikkje ser deg. Kan eg kjenne at du er nær. Sjelefrende, ferdamann,. Tak mi skjelvande hand. Hald den trygt i neven din.
sylja.blogspot.com
På leit...: september 2008
http://sylja.blogspot.com/2008_09_01_archive.html
Hobbyskribent på vandring. Leitar etter ny plass til bloggen "Kråkesølv og Tankekrøll.". Søndag 28. september 2008. Vi har visst brukt ord. Alt for lenge no. Vi har brukt alle dei fine orda. Alle dei mjuke orda. Og alle dei vare orda og. No er det visst berre dei harde orda. Dei vonde og sinte orda att. Men dei er framleis betre. Enn dei praktiske orda. Og alle dei tome orda. Som ofte kjem heilt til sist. Onsdag 24. september 2008. Og slik står vi. Men no har alle dei andre. Gått kvar til sitt. Sjelefren...